-
FRYDEFULL VINTER: Pudderføre i låglandet. Vi har ikkje gått lenge før vi har sett i banken flotte renn som vi skal nyta på heimtur. Men like gildt er det å kliva mot høgdene.FOTO: Roar Christiansen
Med skituppane i fjordriket
- Den siste plassen eg hadde tenkt å reisa på ski, seier fotografen. Snart skal han jubla.
AV: knut langeland
Han har svinga seg opp dei bratte kleivane frå Bruvik og fått kjensla av å vera på veg til fjells. No står han på parkeringsplassen på Båtaleitet, meir nyfiken enn skeptisk, for her er brøytekantar å kliva. 350 meter over havet kan vinteren målast i meter no. Godt pakka ligg snøen, som ei mektig madrass, dekt av eit passande lag med pudder.
Det er litt rart å tenkja på, at vi er på ei øy. Omgitt av hav på alle kantar. Men sjølvsagt må øya som bramfritt presenterer seg som eit Noreg i miniatyr, ha skiterreng å visa til.
Brukande til skigåing
Eg har sett det ei stund. På veg til andre og hissigare marknadsførte fjell har eg gløtta over frå Vaksdal-sida mot Osterøy og sett korleis denne ryggen som strekkjer seg nordover frå Bruvik mot Grautåni, må vera brukande til skigåing. Høgt over den vintersvarte fjorden har eg sett korleis snøen har lagt seg som kakepynt på toppane, bretta seg over kanten og sendt talrike, tynne skred nedover mot sjøen.
Der i bilen har eg undra meg over alt det flotte skiterrenget vi vel å køyra forbi. Tenkt at ein dag skal eg dit, over fjorden, og la meg overvelda.
Somme har gjort noko med det, somme har vore her før oss. Somme har lenge visst om denne perla, men ostringane kan ikkje klandrast for å villa halda løyndomen sin for seg sjølv. At dei vil sleppa å bli invadert av brautande bytampar.
Gamle dagars hytter
Det er i skispora til dei innfødde vi no labbar, mellom spreidd bjørk og furu i mjukt og vakkert skulpturert vinterlandskap. Her og der ligg det hytter, ikkje i nymotens landsbykav, men slik hytter brukte å liggja. Med passeleg distanse til naboen.
Oppover kliv vi i siviliserte porsjonar heller enn i grove jafs, liene er ikkje brattare enn det. Følgjer eit spor som går rundt ein kam og inn i ein dal. Legg skoggrensa bak oss og ser det som liknar på høgfjell, reisa seg framfor oss.
Kunsten å leva no
Det er ein frosen dag, og endå om februarsola bit, bit vinden meir. Jagar juvelar over snøflata, slik varm lukke jagar gjennom blodet og vekkjer den edle, men ofte utilgjengelege kunnskapen om å gripa stunda, om å leva no. Eg sveipar landskapet, dette tagale, sterile, ubesudla, feminint formfullendte vinterlandskapet. Fullt av naturens evig ufullendte meisterverk. Dette landskapet som vitskapen har lært oss at vi kanskje ikkje skal kunna rekna med lenger, og som vi iallfall ikkje skal ta for gitt.
Og endå meir gler eg meg over stunda, over å få lov til å oppleva endå slik ein dag, og det nett i sivilisasjonens randsone, i apokalypsens tidsalder.
For her òg finst det dalar og botnar og høgder og juv. Her òg finst det villskap, og eg tenkjer der eg glir under ein svulmande skavl, korleis vinteren bidreg med ekstra drama, med ekstra rikdom, med ekstra farge og sjel til opplevinga. Slik blir gjel og dalsøkk, toppar og ryggar meir enn seg sjølv, større enn seg sjølv, villare enn seg sjølv.
Vidder på Osterøy
Midt i denne tankerekkja reiser Rispingen seg, som eit Osterøys svar på Hallingskarvet. Nokre hundre meter strekkjer han seg frå aust mot vest, denne nakken. Eit naturleg turmål frå både nord og sør med sine 722 meter over havet. Frå den forblåste toppen legg det seg eit nesten viddeaktig landskap utover i sør og aust. Det endelege provet på vinterens forføreriske dimensjon.
Vidder, på Osterøy, liksom!
Vi kryssar over toppen, og med utsyn mot Osterøys høgaste fjell, Høgafjellet (868 moh.), skrir vi ned på Høghaugen (655 moh.), beint vest for Stanghelle. Vi glir vidare ned i gjelet i aust og rundar kanten, slik at vi til slutt står liksom med skituppane i fjordriket. Det gir skituren på Osterøy ein ekstra karakter.
Kanten som heldt det han lova
Sørover att følgjer vi kanten, nett den kanten som først hadde lokka meg hit. No har eg funne at han heldt det han lova, og meir til, og eg undrast om dei kjenner den same dragninga som eg gjorde, dei som nett no susar over asfalten og let seg sluka av fjella innover mot Dale.
Eg kjenner eit anna sug. Suget frå fjorden langt der nede. Kjem du på glid her, er det ikkje sikkert at du stoppar så snart, men det er ikkje kjensla av redsle eller risiko som trengjer seg på. Sterkare er kjensla av kor særeige dette er, kor eksotisk opplevinga er og kor privilegerte vi er som hadde motet til å prøva, og evna til å nyta, Osterøy.
Relaterte bilder
BRATT MORO: Høgt over Veafjorden får du stundom kjensla av å måtte klora deg fast. Men meir enn ho er skremmande er opplevinga fascinerande. FOTO: Roar Christiansen
KOMMENTARER Våre regler